Medlemskontigent 2007 betaling

Bergsøy IL Hovedstyret krev inn medlemskontigent i Bergsøy IL.
Alle aktive utøvarar i Bergsøy Idrettslag må betale medlemskontingent for å ha rett til å delta på trening, kamp, stemne og liknande. Alle som har tillitsverv , trenarar , oppmenn osv i Bergsøy Idrettslag skal betale medlemskontingent.
Berre medlemmer (som har fylt 15 år) som har betalt medlemskontingent har stemmerett på Bergsøy IL sine årsmøter.
Alle born t.o.m. 17 år inngår som familiemedlem. Medlemskontingent gjelder medlemskap i alle undergrupper (Fotball, Friidrett og Handball. Det vises til "Lov for Bergsøy Idrettslag stiftet 1944" - vedtatt 24.06.2003 - § 3 Medlemmer.

Støtt Bergsøy IL vert medlem. - Medlemskontingenten er kr 100.- for alle. Heile familien kun kr. 100.-

Det er sendt ut faktura til alle som er registrert som medlemmer pr 31.12.2006.
Er det feil på faktura som td fakturaadresse , namn , fødselsdato osv , bruk då dette skjemaet for korrigering.
Er det familiemedlemmer som manglar, fyll ut skjema med alle i familien og send i retur.
Etter registrering vil dere få tilsendt faktura.

Viss du ikkje vil vere medlem/støttemedlem i Bergsøy IL , send faktura i retur med beskjed om utmelding.
Skjema/faktura returnerast pr post , e-post : hovedstyret@bergsoy.no eller faks: 70 08 12 91
Sjå også info på : www.bergsoy.no


FLOTT 2007 SESONG

Då er friidretts sesongen for 2007 over, og vi kan sjå tilbake på mange nydelige prestasjonar.Vi har både aktive konkuranseutøvarar og fleire "mosjonistar". Og alle kan vise til framgang på det personlege planet.
Vi har hatt fleire persar gjennom året, og kan stolt vise til at fire utøvarar toppar resultatlista 2007 i Møre og Romsdal!! Sunniva Drage vart best på 100 m med tida 13.20 sek, Ann-Magritt Myrene i stille lengde med 2,45 m, Thor Ove Brekke og Bård Inge Bø deler toppen av stille lengde-lista for menn med 2,80m og Bård Inge var best i høgde med tilløp med 1,90m.
I tillegg:
-ligg Ann-Magritt på 4.plass på kvinnesida med 4,97m i lengde med tilløp(og alle veit jo at ho ville toppa denne utan brotet i foten i haust)
-Innehar Sunniva 5.plassen i lengde utan tilløp for kvinner med 2,27m.
-Kjem Olav Kåre Hildre på 8.plass på lista for menn i stille lengde med 2,66m og på 4.plass i kule med 9,94m(pers), her ligg Bård Inge på ein 8.plass med 8,79m

Mange kjekke treningar og spennande konkurranser har prega det siste året. No er vi mellom 15-20 utøvarar når alle møter.
Det er duka for trenar skifte i nær framtid, men framleis usikkert kven som tek over. Dersom nokon føler seg kalla, må ein gjerne ta kontakt!! Dykk(utøvarar) skal få nærare info om dette på treninga.


Trenings tider eldste gruppa

Inne trening mandag og torsdag klokka 18.00.

3 deltakarar = 3 persar på Dimna leikane

Elisabeth, Miriam og Sunniva
Elisabeth, Miriam og Sunniva
Til tross for kraftig vind vart det mange gode resultat under Dimnaleikane på Høddvoll søndag 16.sept. Bergsøy hadde med 3 deltakarar der alle 3 satte nye personlege rekordar.
Elisabeth Kvalsvik (12) var yngste dame, og kan vise til 60m med tida 9.73 sek og godkjente vindforhold. Dette heldt til ein 5.plass blandt 10 deltakarar.
Miriam Kvalsvik (17) sprag 800m, og persa med heile 13 sek! Tida vart 2.45.20 min.
Og så var det duka for nok ein klubbrekord av Sunniva Drage på 100 m. Under lovlege vindforhold sprang ho denne helga inn til flotte 13.20 sek, og tok gullet framfor Nina U. Ertesvåg frå Dimna.
Flott levert damer!!:D

KLUBBREKORD AV SUNNIVA!
Med ypperlege 13,24 på 100m under Ørstaleikane 02.09.2007 slår Sunniva Drage ein av dei aller eldste klubbrekordane i Bergsøy IL. Kaia H.(Husøy) Ingebrigtsen sprang 30 år og halvannan månad tidlegare same distanse på 13,1. Sunniva sine 13,24 er ei betre tid ettersom det skal kunne trekkast frå 24 hundredeler av automatiske tider for å samanlikne dei med manuelle.

Treningstider 5.-7. klassingar
Det er trening for 5.-7.klassingar på måndagar.

Sunniva Drage BEST!
Laurdag 1.sept var det Ørsta leikane. Bergsøy stilte med kun ein deltakar, men ho gjorde også stas på klubben! På 100 m persa ho seg og vann junior klassa med tida 13.24 sek. Kjekt å sjå at talenta blomstrar:) Flott levert Sunniva!


FLOTT INNSATS I SENIOR KM OG VÃ…RSTEMNE

Det var flotte resultat å oppdrive på Høddvoll i helga, og vi kom heim med 3 sølv-medaljer i senior KM og eit gull på Vårstemne.

Sebastian Kvalsvik (14) deltok i både lengde og kule på Vårstemnet. I lengde tok han ny personleg rekord på 4.74m som gav han ein 4.plass. I kule 4kg, vann han med resultatet 7,24m.

Elisabeth Kvalsvik (12)sprang inn på ein god 4.plass på 60m med tida 9.81 sek. I lengde hoppa ho 3,64m som heldt til ein 5.plass.

Fra 15 år og oppover var det senior KM, der dei beste utøvarane fra heile Møre og Romsdal konkurrerte. Vi hadde med 3 utøvarar + eit stafett lag.
Sunniva Drage(18) imponerte oss alle med ein fantastisk 2.plass på 100m. Dei var heile 18 deltakarar.I finala sprang ho på tida 13,46 sek, men hadde faktisk 13,41 i semifinala. Vinnar tida var 13.24 Ida-Kristin Myrold fra Ørsta. Henne tek du neste gong;)
Lisa Brekke(18) gjorde også ein god innstats på 100m og fekk 11. plass med tida 14.79 sek.
Ann-Magritt Myrene(27) deltok på lengde og overraska med ein 2.plass med lengda 4.97m. Vinnar hoppet var på 4.98m -Siv Sneen fra Eide. Det viser seg imidlertid at ho har fint inne hopp på over 5 m som dessverre var dødt...
Ellers stilte Bergsøy kvinnene lag på 1000m stafett. Her måtte vi sjå oss slått av Dimna, men tok 2.plass med tida 2.38 min. Laget var som følger: Lisa Brekke på 100m, Sunniva Drage på 200m, Miriam Kvalsvik på 300m og Ann-Magritt Myrene på 400m.

Gratulerer med eit kjempe flott KM!!!!!!!


ØRSTA STAFETTEN

Ladies of Bergsøy
Ladies of Bergsøy
Det var kun ett damelag som tok veien inn til Ørsta søndag 20.mai. Og dei kom heim med fine bronse medaljer. Bilder på linken "deltakelse på stemner".

Hadarstafetten

God innsats av heile gjengen! Det vart 3.plass på både damer og herrer. Legger ut noen bilder fra stafetten. Disse kan dere se på linken "deltagelse på stemner."
*a-m*

Treningsstemne 19.02.07

11 Bergsøydeltakarar sørga for følgande prestasjonar i lengde utan tilløp og kulestøt, denne måndagskvelden

BILDER

Sjå bildene fra treningane til både eldste og yngste gruppa inne på "Treningstider for BIL friidrett" ! ;)

Trening for den yngste gruppa Mandag 21.August kl. 18.00

Friidrettstreningen for barn i 1.-7.klasse starter på mandag (21.august).

Elisbeth Hortahug er trener for denne gruppen.

Vi starter med å ha treninger ute og møtes derfor utenfor garderobene. husk å ha med joggesko for utetrening.

Vi vil i høst arrangere noen treningsstemner slik at alle skal få prøve seg på øvelser som 60m, 400m, 600m, kule, ball og lengdehopp. Ellers blir det allsidig trening og lek.


Resultater fra treningsstemne for de yngste 23.oktober 2006

Stort oppmøte, fin innsats av barn og foreldre og mange fine resultat :-)
Elisabeth har laget en resultatliste som er vedlagt.